Detaljar om  Maskinrommet

“Maskinhuset” er eitt av dei tre husa i fyrtunet, og ligg heilt til venstre når du kjem opp grinda. Dette er no blitt innreda som dobbeltrom, og er også eit fint singel-rom. Maskinrommet har nydeleg utsikt gjennom dei gamle, originale vinduene. He kan du sitje og nyte utsikta til nye lykta, Sildagapet, geitene, Ulvesundet, Stadt og båttrafikken. Ingen andre søv i huset, men dusjen må til tider også disponerast av Uthuset sine overnattingsgjester.

Litt historie om Maskinhuse

Tidlegare stod maskinene som sørga for lys i fyrlykta her. I „gamle dagar“ var det i tillegg utedo i eine enden av huset, og ein liten fjøs til nokre få sauer og kyr i den andre enden. Dette er mange, mange år sidan.


Då fyret vart avbemanna og automatisert i 1985, vart alle maskiner og alt utstyr fjerna, strømmen vart kutta, og huset var tømt. No har vi igjen installert strøm der. Fyrst brukte vi Maskinrommet som kreativt rom (malekurs og keramikk-arbeid). Men no har vi skura og malt, hengt opp gardiner og sett inn gode senger. Vi synest det er blitt sjarmerande og koseleg! Den gamle utedoen har også fått ein ansiktsløftning, og har no dusjkabinett og toalett.

Den gamle fjøsen er blitt vaktmester-verkstad og vedlager.

Maskinrommet

FORESPØRSEL- BOOKING                                           BILDER

Prisar inkludert frukostbuffet i fyrkafeen:

- Dobbeltrom 450.- pr. person inkl. fyrfrukost

  1. -Enkelrom: 650,- inkl. fyrfrukost

  2. -Barn 5-14 år 350,-

- Tillegg for sengetøy: 150,- pr. seng

- Spesialpris for grupper


Pr. veke:

01.05. - 31.09.: 3950.- / veke (inkl. tillegg for sengetøy)

01.10. - 30.04.: 2950.- / veke (inkl. tillegg for sengetøy)

Sluttvask: 500.- (dersom de ikkje vil gjere de sjølve)

Fyrfrukost: 90,-