Fyrkafé
Fyrkafé
Kafeen er open kvar søn- og heilagdag frå påske til sommarsesongen startar, ca. 15. juni. Frå då og til ca. 15. august er det ope kvar einaste dag. Som nedtrapping etter sommarsesongen har vi ope søndagar til midten av september. Ordinær opningstid er 13-18. Middag bør helst bestillast på førehand, men du kan også ta sjansen på at vi har middag til deg - iallefall om du har god tid.
Kafeen finn du i dei tre stuene og gamlelykta, med tilsaman rundt 35 sitteplassar. Gamlelykta er ein ynda plass å innta fiskesuppe eller kaffe. Utsikta ned mot den nye, automatiserte lykta, og ut mot Sildagapet, Stadt, Silda og båttrafikken er unik. Også for dei som likar å utfalde s eg kreativt, er gamlelykta spesiell.
For ein liten slant kan ein låne teikne- og maleutstyr. Her kan det malast, teiknast og diktast i seine solnedgangstimar... Mange barn synest det er spennande å sitte her og telje passerande båtar.
I tillegg til malesaker, låner vi også ut musikkinstrument og spel. Fyrets lappeteppe kan gjestene våre meir enn gjerne strikke på. Ute har vi disse, hengekøye m.m. Om nokon skulle kjede seg, har vi ei liste med aktivitets-forslag.
Menyen vår inneheld vanlegvis:
Svele med fyrets rips-gele, natronkake, kanelbollar, potetkake, dagens middag (grupper må bestille på forhånd), dagens dessert, pizzastykker, bær-pai, is med bær-saus m.m.
Vi kosar oss med å servere sunn, heimelaga og fargerik tradisjonsmat, i hovudsak tilberedt av frukt, bær og urter frå fyrhagen og fisk frå havet utanfor fyret.
Vi sel også fyrsaft i flasker og fyrgele på glas.Kaffe- og te-menyen vår er variert. Vi sel 4 sortar kaffe og rundt 20 sortar te i lausvekt, og serverer også desse i kafeen. I tillegg sel vi gammaldagse drops og eksklusive små-sjokoladar i lausvekt.
Fyr-butikk
I vår lille, sjarmerande fyrbutikk selger vi vår fyrsaft, rips-gele, godteri i lausvekt, te, kaffe, handarbeid, glas og keramikk, fyr-T-skjorter, fyrvertinne Sølvi`s CDar med sjølvskrivne songar, og andre „souvenirar“ frå Ulvesund Fyr.
Rabarber-
kake
Kanelbolle
Is med bær-saus