Overnattings-muligheter

Vi leiger ut både til enkeltpersonar og til grupper, og utnyttar facilitetane våre så godt som mulig utifrå gjestene sine ønsker og behov. Felles frukost på fyret er inkludert i overnattings-prisen, men kan trekkast frå i prisen om ein ønsker å lage frukost sjølv. Våre overnattingsprisar inkluderer ikkje oppredd seng, men vi rer med glede opp sengar til dei som ønsker det. Her følger våre overnattings-muligheter:

Overnatting - utleige

Fyret

På fyrloftet har vi 2 rom. „Panelrommet“ og „Toromsen“. Dette er det som ein gong var soveromma til fyrvaktar-familiene.

Uthuset

Uthuset er ei lita, sjarmerande hytte midt i fyrtunet. Soveloft, soverom, stue, kjøkken og toalett med havutsikt.

Maskinrommet

Heilt til venstre i fyrtunet har vi Maskinhuset, med dobbeltrommet Maskinrommet. Eit sjarmerande, lite rom med flott utsikt ned på nye lykta, Sildagapet og fyrgeitene.

Jungfraublick

Tru det eller ei, men vi leiger også ut ei ferieleilighet i Sveits, milevis frå fjordar og fyr! :-) Har du drøymt om ein ferie i alpane, er kanskje dette noko for deg. Leiligheta ligg i Matten-Interlaken, med utsikt rett på det berømte 4000-meters høge fjellet „Jungfrau“.

Informasjon om leiligheta i Sveits (Pdf)

Maskinrommet

Uthuset

Fyret

Fyrkjeller

Fyrkjeller

Fyrkjellaren er eit sjarmerande og svalt rom som ligg for seg sjølv i underetasjen på fyret.