Kontakt: info@ulvesundfyr.no
Fyret (+47)57851777 - Mobil (+47)95240487
Ulvesund Fyr, Hjertenes, 6718 Deknepollen, Norge
Fyrkafé Vi serverer heimelaga mat basert på frukt og bær frå hagen og fisk frå havet.
Overnatting Sovne til lyden av bølge- skvulp, og vakne til lyden av fuglesang.
Velkommen!
Ulvesund Fyr ligg på Hjertenes nær Måløy, i Vågsøy kommune i ytre Nordfjord. Ulvesund Fyr har vore eit lyspunkt for dei sjøfarande sidan 1870. Vi ønsker at det skal vere eit lyspunkt i kvardagen for våre gjester.
Fyret er eitt av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er det verste havstykket i Norge. Ulvesund Fyr er eigd av Kystverket Vest og drivast av Sølvi Hopland Aemmer og Heinz Aemmer.
Fyrferie for heile familien.
Ulvesund Fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bugnar av blomar og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar. Dei to fyrgeitene i hagen set pris på klapp og kos. I den sjarmerande vesle fyrbutikken kan våre gjester kjøpe heimelage saft, gelé, handarbeid og musikk, og bøker, glaskunst, kaffe, te, sjokolade og gammaldagse drops i lausvekt. Her kan det også bestillast heimelaga mat og nykverna kaffe som blir servert i vår fyrkafé, eller ute i fyrhagen.
Når er kaféen open?
Vårsesong: Kvar søn- og heligdag kl. 13-18, og på bestilling. Ring oss, så lagar vi middag til deg.
Sommarsesong: 20. juni-14. aug kvar dag 11-21.
Høstsesong: Kvar søndag 13-18 t.o.m. 20. september, og på bestilling.
Ulvesund Fyr
LIGHTHOUSE