Ein sommarkafé med heimebakst og sjarme. Ein overnattingsstad med historie og varme.
Kaféen er open kvar dag kl. 13.00-18.00 i sesongen.
B&B
Sommarsesong: 25.juni.-13.august.
Om sommaren kan du også booke deg inn på fiskesuppe kl. 19 eller frukost kl. 09. Kvar torsdag kl 19.30 er det Torsdagsjam i naustet. Alle velkomne!
Utanom sommarsesong og påske er det stengt for booking. Unntak blir gjort for grupper, etter avtale pr. email, og om vi annonserer at vi har ope.
Velkomen til å sende forespørsel til info@ulvesundfyr.no.
Vi håpar du vil besøke oss!
Det nye livet til Ulvesund fyr byrja i 2003, då dei gamle bygningane vart opna for publikum, som kreativ fyrkafé med mulighet for overnatting. Ulvesund fyr har vore eit lyspunkt i all slags vér sidan 1870, i storm og stille. Frå 1985 var her ingen fyrvaktar meir, då fyret vart avbemanna og automatisert, og den nye lykta i fjøra vart bygd.
Ulvesund fyr elskar å ha glade gjester i alle aldrar, og har den visjonen å bringe lys i kvardagen, både til dei som besøker oss, og til lokalsamfunnet. Vi har ekstra hjerte for barn og ungdom, og ønsker å inspirere til gode samtaler, aktivitet, kreativitet og livsglede. Historien til fyret inspirerer til enkelhet og hjertevarme, og gjestene seier det er heimekoseleg og kjekt her.