Innepå fyret kan du til dømes prate med andre, leike i leikekroken, spele yatzy, spele gitareller trøorgel, leige malesaker, låne ei bok, strikke på fyrets lappeteppe, eller skrive fyrdikt.Ute på fyrområdet kan du spele stigegolf på plenen, disse i bjørka, plukke rips til fyrkjøkkenet, gå på stylter, kvile i ei hengekøye, prate med andre, leite etter krabbe eller fiske ved fyrnaustet, gå tur til Osmundsvåg, fare på badetur ein plass (Refiksanden, Sætrasanden, Osmundsvåg), gå i skyttergravene i Osmundsvåg, fare på solnedgangsafari (Refvik, Kråkenes, Osmundsvåg), ta fine bilder…
I 2023 drar vi i gang Fyrsommarskule for ungdom, 13-16 år, med linjene Kafé, Hotell (veke 26-28) og Hage og Aktivitet (veke 27-28). Friluftsskulen «Fyr og fjøre» for barn 7-12 år, går parallellt i veke 27 og 28. Dette er eittilbod på dagtid. Overnattingsgjester i rett aldersgruppe kan kjøpe dagpass i kassen.
Kvar torsdag i sommarsesongen, kl. 19.30, er det Torsdagsjam i og ved Fyrnaustet. Vi sel billettar frå kl. 19, og ein kan kjøpe vafler, saft og kaffi i vaffelbua. Når vi veit kven som stiller som musikalsk eller kulturell gjest for kvelden, skriv vi ein post om det på fyrets facebookside
Historia om alle tidlegare fyrvaktarar, og deira liv, er godt ivareteken ved Ulvesund
fyr. I samband med 150-års-jubileet til fyret i 2020, vart jubileumsboka om fyret
utgjeven. Denne boka er i flittig bruk i kaféen. Det blir fortalt og lest frå denne boka
rett som det er, og gjester blar ivrig i den. Vi ser det som viktig å formidle både
fyrhistorie, kysthistorie, lokalhistorie, og Ulvesund fyr si historie.
Vil du oppleve ein perfekt kveld på Ulvesund fyr, nyt du vårt kveldsmåltid i kaféen eller fyrhagen, og
drar deretter ut på Solnedgangssafari. Det kan vere til fots til Osmundsvåg, eller med bil til
Refviksanden, Kråkenesfjellet eller Kråkenes fyr. Sjekk på yr.no om når sola går ned, og spør staben
om råd for kvar du vil få den finaste solnedgangsopplevinga akkurat denne kvelden.
Vi likar å samle folk til praktiske kurs. Her kan du finne nokre unike kurs eller arrangement, korte eller lange, med temaer som låtskriving, kreativ skriving, norsk
språk og nordfjorddialekt, foto, maling, søm, safting, teikning, hagearbeid, «Lys over livet» (korleis jobbe seg gjennom sorg), «Lys over leia» (om å finne retning og ta gode val for seg sjølv), m.m. Dette avheng av tid, ressursar og interesse.
Om somrane lagar vi fyrsommarskule for barn og ungdom, så sant vi har nok instruktørar og deltakarar. Her vil vi fokusere på praktisk mestring innan fyrdrift, inne og ute. Vi ønsker også å skape liv og røre andre stader enn på fyret. Tida vil vise kva vi får til.
For detaljar viser vi til «Aktuelt», og til vår facebookside.
Fyrvertinne Sølvi Helén Hopland sine plater finn du ikkje bare i fyrbutikken, men også
på spotify/itunes/youtube.
På spotify finn du også podcastane ho har laga sidan 2020, som starta som eit
coronatiltak for å bringe lys, når folk ikkje kunne møtest. I desember 2022 vart
Hjertelys Media oppretta, og serien heiter frå då av «Litt Lys». Før det heitte den
«Det lyser i stille grender» og vart publisert i samarbeid med lokalavisa Fjordenes
Tidende.
Vi sler gjerne til med ein 5 timars festival ein laurdag iblant, med basar, quiz og
allsang.