Frukost1

Frukost på Ulvesund Fyr

Frukosten på Ulvesund fyr

Frukosten på Ulvesund fyr er ein liten, men innhaldsrik buffet. Du vil finne heimelaga saft og eit breidt utval av heimelaga syltetøy på buffetbordet, samt brunost, kvitost og skinke, og godt brød eller ferske rundstykker. Prøv til dømes nysteikt rundstykke med eit tynt lag nylaga rosegelé og kvitost. Eller hylleblomst- og eplegelé med cottage cheese. Finn ditt favorittsyltetøy, og kjøp gjerne med deg eit glas heim.

Frukost2

Ein god prat forlenger livet

Ein kan innta frukosten i kafeéstua, gamlelykta eller ute. Samlar gjestene seg i kaféstua, går praten ofte lett, om opplevingar gjestene har hatt. Dei fleste har besøkt, eller skal besøke, Kråkenes fyr, Refviksanden, Sætrasanden, Skongenes fyr, Kannesteinen, Vågsberget, Måløyraidsenteret, Vestkapp, Hoddevik, Ervik, Selje kloster, Grotlesanden eller Kalvåg, og har mykje å prate om. Véret spelar alltid ei rolle, både for ferieopplevinga og som samtalestartar.

Er det ønske om å smørje niste og få med seg kaffe eller tevatn på termos, er det mulig.

Frukost3

Ulvesunne rundstykker

Vi lagar “ulvesunne” rundstykker, og håpar du set pris på baksten vår. Den er bakt med kjærleik, med inspirerande utsikt. Vi sel også rundstykker med pålegg i kaféen.

Frukost4