Toromsen er eitt av dei to familieromma på fyrloftet. Toromsen består av to rom, der ein går gjennom det fyrste rommet for å komme til det andre. Det fyrste rommet har 2 enkle senger langst veggen, og ei kortare seng som kan brukast som ekstraseng. Derifrå går ein gjennom ei dør til neste rom, der det står 2 rammemadrasser som dobbelseng. Desse kan separerast.
Oftast er det i bruk til familier på 4-5 personar, med foreldra på det inste rommet, og 2-3 barn i det fyrste.
Begge romma har vindu med utsikt
Begge romma har vindu med utsikt til skogen og fyrtunet, og det er fjordgløtt til soloppgangen over Stadlandet.
Toalett og bad er i gangen rett utanfor rommet. Badet delast i utgangspunktet med gjestene i Panelrommet.
Dette rommet passar perfekt for ein familie på 4-5 personar, eller ei vennegruppe. Om rommet er ledig, brukar vi det også som eit dobbeltrom eller singelrom.