Til venstre når du kjem opp grinda til fyret, ser du Maskinhuset, som er det minste huset i fyrtunet. I den enden som er nærast hovudhuset, er inngangen til Maskinrommet. Det er det einaste rommet der, og er eit dobbeltrom med separat toalett og dusj. Rommet kan også brukast som singelrom, og som familierom (med madrass på golvet). Sengane separerast lett.
Frå godstolen i Maskinrommet har ein utsikt mot Sildagapet, Stadt og fyrlyset, og befinn seg midt i fyrhistorien.
På veggane ser du gamle skilt, alarmklokker og elektriske detaljar frå då rommet var i bruk som maskinrom. Der det før var utedo, har vi sett inn WC og dusjkabinett.
Vi dekorerer og rer opp med fargane frå fyrlyset; rødt, grønt og kvitt.
Litt historie om Maskinhuset
Maskinhuset var opprinneleg fjøs og utedo.
Då fyret fekk elektrisitet i 1955, vart halve fjøsen gjort om til Maskinrom. Der kyrne før stod på bås, vart det sett inn ei stor maskin, ein 8hk Lister, som stod der som strømaggregat. Det var den som dreiv fyrlyset son då var i Gamlelykta.
Utedoen fekk behalde sin plass, i søre husenden. I andre enden var det framleis plass til nokre få sauer og kyr.
Frå fjøs til maskinrom til keramikkverkstad til dobbeltrom
Då fyret vart avbemanna og automatisert i 1985, vart alle maskiner og alt utstyr fjerna, og strømmen vart kutta. Ved oppstarten i 2003 installerte vi igjen strøm der, og brukte fyrst Maskinrommet som keramikk- og maleverkstad. Mange barn og ungdomar har malt bilder eller forma figurar i leire her. Vi hadde kreative dagar med 8.klasser, verkstad for familier, og kreative veker med folkehøgskulelinjer.
Det var fyrst då Måløy hadde Tall Ships Race i 2008, at Maskinrommet vart gjort om til soverom og fekk innlagt vatn.
Den gamle fjøsen har eigen inngang og fungerer som “snekkerbod” og vedlager for oss som jobbar på fyret.