Velkommen til å ta kontakt med oss! 

Du kan kontakte oss via e-post; info@ulvesundfyr.no eller ringe til fyrkjøkkenet på +47 57 85 17 77 (når vi har open kafé).

    Korleis kjem du deg til Måløy og vidare til Ulvesund Fyr?

    Den raskaste måten å reise på frå Bergen eller Florø, er med hurtigbåten, som vi kallar Westamaranen. Den går frå Bergen om morgonen og om ettermiddagen, og brukar 4,5 time til Måløy. Den går heilt til Selje, og passerer Ulvesund fyr.

    Om du reiser til Måløy med hurtigbåten, vil du trenge enten sykkel, leigebil eller ta ein taxi til fyret. Det er 15 min å køyre. Her finn du hurtigbåten Bergen – Selje: 

    Norled

    Daglige avganger med kystvegekspressen Florø – Smørhamn – Måløy t/r.

    Fjord 1

    Lokale ruter Måløy – Silda t/r og Måløy – Gangsøy – Risøy

    Fjord 1

     

    Hurtigruta og Havila-skipa legg til i Måløy svært tidleg om morgonen, dagleg. Både sydgåande og nordgåande skip passerer Ulvesund fyr. Frå Måløy må du enten ha leigebil klar eller leige taxi. Det er 15 minutt å køyre til Ulvesund fyr frå Hurtigrutekaia.

    Hurtigruten

    Nordnorge.jpg

    Bil:

    Det enklaste er å køyre sjølv. Det går bilveg heilt fram til fyret, og der er god parkeringsplass. Køyrer du frå Oslo, over Stryn, er det ferjefritt. Kjem du over Førde, Bremanger eller Ålesund, må du sjekke fergerutene når du planlegg reisa. 

    Buss:

    Expressbussen er eit billig alternativ. Det er daglege avgangar mellom Oslo og Måløy. Buss kan ein også ta frå Trondheim, med omstigning på Otta. Reisa frå Oslo tek 10 timar. For dei som klarer å sove på buss, kan nattbuss vere eit praktisk alternativ. Hugs å organisere at du kjem deg frå Måløy til Ulvesund fyr.

    YV.no

     

    Det er 9 km fra Måløy til Ulvesund Fyr, så det er lurt å leige bil. Dessutan vil du ønske å sjå deg rundt i området. Dei fleste ønsker å bade på Refviksanden, fotografere på Kråkenes fyr og klatre rundt Kannesteinen når dei er på desse kantar. Det går ingen lokale bussar forbi fyret i skuleferien.

    AVIS

    lokal Leiebil