Ulvesund Fyr er eit led- og innseglingsfyr frå 1870, eigd av Kystverket Vest. Fyret er eitt av fire fyr som viser båtane trygt rundt det berykta Stadt. Det ligg på Hjertenes ved Osmundsvåg, nær Måløy, ytterst i Ulvesundet, i ytre Nordfjord. Lykta vart tent for fyrste gong i september 1870, og var i Gamlelykta, som er ein slags «karnapp» på framsida av hovudhuset. Mange fyrvaktarar måtte tenne fyrlyset ved hjelp av parafinolje, og hadde mang ei vakenatt, sidan dei måtte tenne og sløkke lykta på spesifikke tidspunkt, utifrå ein tenne- og slukkeplan. «Klippen», som fekk lyset til å blinke, måtte trekkast opp annankvar time. Då elektrisiteten kom i 1955, vart livet lettare for fyrvaktaren. Og då Ulvesund fyr vart automatisert i 1985, var det ikkje lenger bruk for fyrvaktar på fyret, og husa vart ståande tomme. Den nye lykta i fjøra overtok, og Kystverket Vest passar på.
15. juni 2003 fekk Sølvi Helen Hopland leigekontrakt, og Ulvesund fyr fekk eit nytt liv, ope for publikum og til glede for mange. Den fyrste sommaren bestod av restaurering og klargjering, ute og inne, fram til snorklippinga fann stad 8.-10. august same år. Med 1 års leigekontrakt var det viktig å komme raskt i gang med utleige og bruk. Og sidan då har fyret vorte godt etablert som ein unik og hjertevarm stad for overnatting, servering, kafé og kultur. Visjonen er at fyret skal vere eit lyspunkt i kvardagen. Det skal vere ein stad som gir mestring og livsglede til barn, ungdom, vaksne og eldre, og som legg til rette for opplevingar som lyser opp livet og gir gode minner.
Ulvesund Fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bugnar av blomar og bær. Det var ein populær fyrstasjon for fyrvaktarar med familie, og det er dei som opp gjennom åra har planta både bærbusker, blomar og frukttre, som vi i dag lagar saft, syltetøy og kaker av. Vi prøver å bringe historia vidare.
Frå fyret har vi full oversikt over båttrafikken, som i fyret si levetid har endra seg frå robåtar og seglbåtar, via dampskip, til cruiseskip og ribbåtar i vår tid.
Her kan du sjå veggar, dører, møblar og golv fra ulike tider i fyret si livshistorie. Og slik skal det vere. Fyrvaktarane med sine familier har alle vore med på å gjere Ulvesund Fyr til det er i dag. Og på sitt vis legg også kvar gjest att noko her, enten det er eit godt ord i gjesteboka, ei oppmuntring til ein av ungdomane, litt hjelp med noko praktisk, eit tips om noko vi kan gjere betre, ein idé som kan styrke fyret, eller eit musikalsk bidrag.
Vil du lese meir om Ulvesund fyr si livshistorie, kan du bestille boka «150 år med Ulvesund fyr» i vårt kontaktskjema, eller ta med deg ei gruppe hit og bestille song- og forteljarstund.
Er du generelt interessert i fyr og vil lese meir, eller besøke andre fyr, kan du besøke denne nettstaden: