I den lille, sjarmerande fyrbutikken vår, i det som tidlegare var «vaktrommet», finn du unike produkt du kan kjøpe med deg som minne eller gåve.
Koppemarked
Fyrkrusa med artige ordspel på, og i variantar av dei friske «fyrfargane» rødt, grønt, kvitt og turkis, er eigenproduserte og med mykje tanke bak. Du finn sutrekopp, lykkekrus, øsekopp, kafficruise, luksuskrus, fjordkrus, persillekrus og dullekrus, samt koppar med kun logoen vår.
Handarbeid
Vi har alltid noko handarbeid til sals, små ting sidan butikken er liten. Her finn du heimestrikka luer, på våre kantar kalla «huer», med titlar som «kuppelhue», «rotehue» og «surrehue».Vi sel unike broderte bokmerker, og har innimellom også andre ting som vi sel for andre. Av andre handlaga ting sel vi også Panterbalsam frå Vossabia, fordi den hjelper mot knotten som kan plage oss mot slutten av sommaren.
T-skjorter og caps m.m.
Fyret har sine eigne T-skjorter, i fargane rødt, grønt, turkis og svart. Dei er svært populære. Matchande caps gjer susen! I tillegg sel vi eigne kortstokkar, pennar, fargeblyantar, lysande skolisser, paraplyar, pledd og termosar.
Bøker og CD-ar
Fyrvertinne Sølvi Helén Hopland er mangeårig tekstforfattar og visekunstnar. Ho har gjeve ut 8 soloplater på eige plateselskap, og trass i at CD-salet har gått ned dei siste åra, sel vi framleis desse påkosta CD-ane på Ulvesund fyr. På bokforlatet Hjertelys forlag har ho også gjeve ut fleire bøker som er til sals på fyret. Desse handlar enten om Ulvesund fyr, eller om vegar til livsglede. Nyopptrykk av noteboka hennar frå 2001, «Blome i Guds hage», er også å få kjøpt. Eit lite utval av andre bøker har vi også.
Saft og syltetøy
Du kan ta med deg smaken av Ulvesund fyr vidare på ferien! Det vi lagar av saft, syltetøy og gelé hamnar nemlig også i butikkhylla vår, på glas og flasker.