Panelrommet på fyrloftet

Tenker du at panelrommet hadde passa godt for deg og dine? Send en forespørsel til info@ulvesundfyr.no

Panelrommet

Panelrommet er eitt av to familierom på fyrloftet, i etasjen over fyrkaféen. Frå panelrommet er det utsikt mot fjorden og Raudeberg, og rommet ligg på solsida. Her har vi 3 flyttbare rammemadrasser. I tillegg kan den såkalla “Donaldkroken”, med madrass, lys og gardin, fungere som ein sovealkove for eit barn. Her er også plass til ei ekstra madrass på golvet.

Bad og toalett er i gangen utanfor rommet, og delast med gjestane i Toromsen. 

20230601 144937

Panelrommet før i tida

I gamle dagar var panelrommet eitt av soveromma til fyrvaktarfamiliene. Her  var det installert eit panel med kontrollys og alarm, som varsla om noko var gale med fyret, og kva som var gale.  Til dømes om straumen gjekk eller om ei pære i lykta slutta å virke. 

Dei siste fyrvaktarar som budde her, måtte gå ned trappa for å gå på toalettet. Likevel var det luksus, i høve til å måtte gå på utedoen i Maskinhuset, som dei måtte før det vart innlagt vannklosett. Ved overtakinga i 2003, var det berre 1 toalett på heile fyrstasjonen. På badet på fyrloftet var det kun vask og badekar. Det vart sett inn toalett og dusjkabinett i 2011. 

20230601 144823