Overnatting innandørs

Gjestene våre seier at dei søv så godt her på fyret, i gode senger og enkel, men varm atmosfære. Det er stilt og fredeleg, og lyden av bølgeskvulp er god å sovne til. Om morgonen kvitrar fuglane, og kaffedufta sivar ut frå kjøkenet. Til frukost får du blant anna heimelaga bakst, saft og syltetøy, noko gjestene våre set stor pris på. Her er det ikkje rommet som er det viktigaste, men opplevinga av å overnatte i fyrmiljøet. Vi har tilsaman 4 rom/enheter å leige ut, med totalt 15 senger, og plass til nokre ekstrasenger. Det er to familierom på fyrloftet, og to “hytter” i tunet. Så vi er ikkje fleire enn at ein kan bli kjende med kvarandre. Romma leigar vi ut som familierom, dobbeltrom eller singelrom, etter behov. Vi plasserer gjestene etter beste evne, for at alle skal ha det best mulig.

Abendruhe

Telt og hengekøyer

I tillegg til overnatting på fyrloftet eller i Uthuset og Maskinrommet, tilbyr vi også overnatting i  hengekøyer i fyrnaustet, og ein kan slå opp telt i fyrhagen. 

Om sommaren er frukostbuffet og oppreidd seng inkludert i døgnprisen. Når det gjeld vinterhalvåret, gjeld andre betingelsar.

 

Prisar pr døgn, sommar 2024:

Vaksen (i dbl.rom eller familierom): 900,-

Singelromtillegg: 200,-     

Barn 5-15 år: 400,-

Hengekøye i naustet, inkl. frokost og tilgang til fellesareala: 400,- pr. person

Telt i hagen, inkl. frukost og tilgang til fellesareala: 350,- pr person

view