Fyrkaféen – som vi kallar ein kreativ fyrkafé – er open i sommarsesongen, som tilsvarar skuleferien i Norge. Det vil seie ca. 24. juni til ca. 15. august. I den perioden er fyrkaféen open kvar dag kl. 13-18.På menyen står heimelaga mat. Vår fiskesuppe seiast visstå vere «verdens beste», noko vi er veldig glade for. Det er ei sjølvkomponert, glutenfri oppskrift, og suppa serverast med heimebakte rundstykker. Vi plukkar roseblader, rips, stikkelsbær, blåbær og epler i fyrhagen, og saftar og syltar fortløpande. Her får du servert heimelaga saft og syltetøy, heimebakte rundstykker og nysteikte vafler med unikt syltetøy på, heimelaga kaker basert på frukt og bær, is med lun bærsaus, og kaffe, te og kakao. Vi etterstrebar å ha glutenfrie og laktosefrie alternativ.
Sesong:
ca. 24. juni-ca. 15. aug.
Kvar dag kl. 13-18.
Kaféområdet er i gamlelykta, i kaférommet og i sofastua. I gamlelykta er den beste utsikta. Det er der lykta stod frå 1870 til 1985. No er det ein kjekk plass å sitte, med kikkert og eit minibibliotek der ein kan bytte bøker.
I kaféstua er der 3-4 bord. Der har vi biletutstilling.
I sofastua har vi god sofaplass og ein populær leikekrok med konkurrerande kafédrift. Ungar elskar å koke og servere til foreldre og besteforeldre der. I gangen har vi toalett med stellebord. Slik er det lett å vere på kaféen vår ilag med barn. Her er mykje å finne på, både ute og inne, og fyret er laga til på barnas premissar.
Uteservering
På dagar med fint vér tek dei fleste med seg fiskesuppa og kaffen ut i solveggen. Der smakar den best, seiast det. Nokre kviler middag i ei hengekøye, etter eit mettande måltid, andre går seg ein tur til Osmundsvåg, før dei kjem tilbake for ein god dessert. Stigegolf står klart til bruk, og gitaren er aldri langt vekke. Og så gjeld det å finne ut kvar den finaste solnedgangen blir, og få den med seg…
Kveldsservering
For overnattingsgjestene og andre som bestiller, serverer vi fiskesuppe og dessert etter stengetid, ca. kl 18-20. Om nokon ikkje et fisk, kan vi foreslå noko anna.
Inspirasjon til kreativitet
Ved å legge til rette for kreativ utfoldelse, håpar vi gjestene våre kjenner seg fri til å benytte musikkinstrument, malesaker, strikkepinnar og blyant. Slik kan nye draumar og kunstverk bli til, og musikalsk samspel oppstå. Vi kan hente fram potensialet i kvarandre, og skape uforgløymelege stunder ilag. Ulvesund fyr skal vere eit fyrtårn for draumar og kreativitet, og ein inspirasjon til å bruke evnene sine til å bringe lys.
Bestilling utanom sesong
Utanom sesongen tek vi imotbestillingar frå grupper. Vi har t.d. suppe-og-sang-besøk på 2-3 timar, og overnattingsbesøk med sang- og forteljarstund etter maten, og frukostbuffet neste dag. Det er bare å ta kontakt og spørje, så prøver vi å oppfylle ønsker. Vi har bl.a. hatt pilgrimsgrupper, dåpsmiddagar og konfirmasjonsselskap, runde dagar og personalturar, gruppeutflukter og familiesamlingar, konfirmantleirar og klasseturar.