Hengekøye i fyrnaustet

I det sjarmerande fyrnaustet kan du overnatte i hengekøye. Vi har laga klar oppheng til 4 hengekøyer; 2 i kvar del av naustet. Har du ikkje hengekøye, har vi til leige. Pledd og puter kan vi også besørge. Grillplassen er like om hjørnet, og alt ligg tilrette for ein uforgløymeleg kveld.

IMG 20200704 230834

Gjestane sitt påfunn

“Er det fullt? Kan vi ikkje få sove i naustet, då? Vi har hengekøyer.” Slik starta det heile, sommaren 2021.

Etter det har begeistra gjester kome tuslande opp frå naustet for ein varm dusj og ein god fyrfrukost. Dei har høyrt og sett både solnedgangen og Hurtigruta, og refererer ivrig frå opplevinga. Nokre har hatt besøk av eindel knott, eller ein oter.

Dette tilbodet er det overnattingsgjester som har etterspurt og etablert, og vi har vidareført deira konsept. Dei som søv i naustet, har tilgang på toalett, bad og stuer på fyret, og sjølvsagt er frukostbuffet inkludert.

20210708 225426

Hengekøye-natt?

Hadde det  vore spennande å sove i hengekøye i fyrnaustet? Send en forespørsel til info@ulvesundfyr.no